Betalt etterutdanning i dialektovergang for skodespelarar
Teater Vestland As, Nynorsk scenespråksenter
Storehagen 10, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.
Stillingstittel
Skuespiller
Oppstart
10. februar 2025
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 25%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:
-
Medlemsskap i Norsk skuespillerforbund eller tilsvarande organisasjon
-
Fullført bachelor eller tilsvarande utdannings som skodespelar
-
Medverka i minst fire profesjonelle sceneproduksjonar
Arbeidsoppgaver
Ved Nynorsk scenespråksenter får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk. I tillegg lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn. Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør.
Kva lærer du?
-
Du får ei innføring i nynorsk
-
Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig
-
Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
-
Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk
Vi tilbyr
-
Ein kompetanse det er bruk for i bransjen
-
Betalt etterutdanning i 14 veker
-
Fri bustad
Om bedriften
Nynorsk scenespråksenter er ei avdeling under Teater Vestland. Vi tilbyr ei 14 veker lang etterutdanning for skodespelarar som ønsker kunnskap om nynorsk språk i skrift og tale og dialektovergang til nynorsknære dialekter. Etterutdanninga er solid fagleg forankra, og det er høg kvalitet på lærekreftene som til ei kvar tid underviser.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774342
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
da7bad8f-0cde-4b7b-80d0-074f1be344f5