Faglærarar
BØMLO VGS, Vestland fylkeskommune
Austbøvegen 16, 5420 Rubbestadneset
Om jobben
Stillingstittel
Faglærar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Undervisningsstillingar elektro og maritimefag
Bømlo vidaregåande skule har inntil 2 ledig stillingar innan elektro og maritimefag frå 1. august 2024.
Skulen har eit elevtal på omlag 400 elevar og 60 tilsette. Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram:
Studiespesialisering, Påbygging til generell studiekompetanse, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Naturbruk, Tilrettelagte grupper og Kombinasjonsklasse. Skulen ligg i Bømlo kommune og har heilt nye lokalar.
Ved skulen har vi inntil 2 ledige stillingar frå 1. august 2024:
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling maritime fag
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan maritimefag. Fagskule, ingeniørhøgskule, yrkesfaglærarutdanning og/eller relevant praksis.
God kjennskap til gjeldande regelverk.
Undervisningsstilling elektro/automasjon
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan elektro og/ eller automasjon. Fagskule, ingeniørhøgskule, yrkesfaglærarutdanning og/eller relevant praksis.
Kvalifikasjonar for stillingane
Det er krav til pedagogisk utdanning (PPU). Kandidatar som manglar PPU og har kompetansen me lyser ut etter kan bli vurdert.
Ved manglande formell pedagogisk kompetanse kan skulen legge til rette for å gjennomføre pedagogisk utdanning.
Vi søkjer etter lærarar med brei fagleg kompetanse og som set eleven i sentrum og har evne til å skape gode læringsarenaer.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Det er krav om politiattest.
Kompetanse
God kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
Personlege eigenskapar
God til å lede elevane si læring
God til å tilpassa deg ulike læringssituasjonar
God til å tenkja nytt og vera endringsvillig
God til å sjå samanhengar og reflektera over eigen praksis
God til å samarbeida og arbeida i team
Vi tilbyr
Me kan tilby eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ein flott skule med tett samarbeid med næringslivet.
Godt kollegasamarbeid og delingskultur. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Andre opplysningar:
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Kontaktinformasjon
John Ivar Alvsvåg, avdelingsleiar, 91747118
Arbeidsstad
Austbøvegen 16
5420 Rubbestadneset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4804945940
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 09.05.2024
Om bedriften
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2631605
- Sist endret
10. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfe25128e1ef48fc84e72e3839c5568c