Vil du lede Ålesund sjukehus inn i framtida?
Org. nr: - Stillingsident: 4193590518 Presentasjon av stillingen:
Du har eit brennande engasjement for å bygge robuste fagmiljø og har lyst til å vidareutvikle det største sjukehuset i Midt-Norge etter St. Olavs hospital. Vi søkjer ein nyskapande og samlande leder som vil bygge opp ei framtidsretta helseteneste i tett samarbeid med dei andre sjukehusa i fylket og kommunehelsetenesta. Som klinikksjef for Ålesund sjukehus får du ansvar for dei medisinske fagområda akuttmedisin, kirurgi og medisin med ca 1000 tilsette, og du må også samarbeide godt med dei andre medisinske fagområda som ikkje ligg under ditt ansvarsområde. Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Sikre sunn og berekraftig drift i ein organisasjon med høg kvalitet i sine tenester
- Pådrivar for å bygge eit samstemt team og styrke fagområda
- Sjå moglegheiter og optimalisere tilgjengelege ressursar
- Klinikksjef Ålesund sjukehus sit i leiargruppa i Helse Møre og Romsdal og rapporterer til administrerande direktør
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring frå større kunnskapsorganisasjonar/sjukehusdrift
- Yrkeserfaring frå helsesektoren, gjerne med legebakgrunn
- Utdanning frå høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Du er innovativ og har sterke relasjonsbyggande eigenskapar
- Du er ein trygg motivator som set tydelege krav til dei rundt deg
- Du er handlekraftig og løysingsorientert
- Du er ein fagleg sterk leder
Vi tilbyr
- Ansvar for drift, økonomi og utvikling av klinikken Ålesund sjukehus
- Eit spennande og framtidsretta sjukehusmiljø med gode moglegheiter for fagutvikling
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Øyvind Bakke, Adm .Direktør, (+47) 913 69 981, Oyvind.Bakke@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4193590518
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og vår visjon er ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Føretaksadministrasjonen ligg i Ålesund.
Vi ønsker kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Helse Møre og Romsdal arbeidar for meiroffentlegheit, og søkjarlista til stillinga vil bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkjarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkjar si side. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkjar vert kontakta dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følge.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal -- helse-mr.no