Miljøterapeut i Medikamentfritt tilbud
Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut i Medikamentfritt tilbud
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. mai
Vi søker etter ein sprek medarbeidar med godt humør til vårt tverrfaglege team, Medikamentfritt tilbod på DPS Vegsund.
Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.08.24.
Vårt team består av: psykiatrisk sjukepleiar, psykiater, psykologspesialist, fysioterapeutar og musikkterapeut. Modell for terapi er ISTDP og all behandling er emosjonsfokusert. Pasientane i tilbodet er i eit 8 vekers intensivt behandlingsopplegg der dei mottek ulike medisinfrie behandlingstiltak.
Stillinga vil p.t. vere i døgnpost og med todelt turnus og jobb kvar 4. helg.
Dersom intern omrokkering så kan andre stillingar verte ledige.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Delta i tverrfagleg team
- Følge opp pasientar i teamet
- Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
- Leie og delta i ulike gruppebehandlinger som gruppeterapi og livsstyrketrening
- Koordinering av behandlingstilbod rundt pasientar
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Medisin administrasjon, dersom helsefagleg søker
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie/vernepleie/sosialfagleg
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og eller erfaring er ønskeleg
- Ønske om utdanning innen for livsstyrketrening
- Ønskeleg med gruppeterapiutdanning/erfaring frå gruppeterapi
- Interesse for friluftsterapi
- Personleg eignahet og matching i teamet vert vektlagt i tilsettinga
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør og likar å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel
- Du likar å arbeide med pasientar i ulike grupper og ha undervisning
- Du er sjølvstendig og har stort fagleg engasjement
- Du har gode kommunikasjonsevner, vert vektlagt
- Du beherskar godt norsk skriftleg og munnleg
- Du har førarkort for personbil
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.noArbeidsstad
Vegsundvegen 686020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4809898317
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2645076
- Sist endret
14. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
072c77835fa7498d9ed237ceffd96d65