Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst, barnehage
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Oppstart
15. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Barnehagane i Vanylven er plassert på Åheim og i Syvde, og har begge to avdelingar.
Dei ligg fint til med nærleik til natur og turområde. Vi har god bemannings og pedagogtettleik, ein dekk opp ubunden tid for pedagogane og vi har ein ekstra planleggingsdag per år.
Kunne du tenke deg å vere ein del av vårt dyktige team? Har du lyst å gjere ein forskjell for barn i Vanylven? Ønskjer du ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg.
Vi har ledig to faste stillingar på inntil 200 % med oppstart 15.august 2025.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk og praktisk arbeid med barn i alder 0-6 år (i høve stillingsinstruks).Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant kompetanse.
Praksiserfaring frå barnehagefeltet.
Kompetanse og erfaring innanfor estetiske fag som musikk, drama og forming.
Gode digitale ferdigheiter.
God munnleg og skriftleg framstillingsemne.
Ønskje om kompetanse og erfaring med ASK, hørselsutfordringar, tospråklege barn og jobbe ein-til-ein.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner.
Fleksibel, omgjengeleg og imøtekomande.
Sjølvstendig, målretta og strukturert.
Positivt menneskesyn.
Gå godt i lag med barn.
Sjølvstendig og initiativrik.
Vi tilbyr
Ein ekstra planleggingsdag i løpet av året, totalt 6 dagar.
Plantid er dekka av assistentressurs.
Godt fagleg fokus og samarbeid på tvers av barnehagane.
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
God pensjonsordning.
15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, innt kr. 28.000, - pr. år.
Viser vidare til lønnspolitisk plan.
I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.
Kontaktinformasjon
Ingvill Lillebø Slettestøl, Barnehagefagleg ansvarleg, +47 90271668Tove Ekremsæter, barnehagestyrar, 91719006
Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, 90801663
Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4916568803
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Åsgunn Stewart
Styrar Syvde barnehage
90801663
Tove Ekremsæter
barnehagestyrar
91719006
Ingvill Lillebø Slettestøl
Barnehagefagleg ansvarleg
+47 90271668
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860797
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d4ddec18ca40478cb815931f6e3036ba