80% vikariat som pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Øystre Slidre kommune
Solhauglie 8, 2943 Rogne
Om jobben
Stillingstittel
80% vikariat som pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me søkjer deg som har lyst til å bli ein del av teamet vårt i barnehagen.
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne Barnehage er ein 3 -avdelings barnehage, med bygg frå 2015. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Følgjande stilling er ledig:
- 80% vikariat som pedagogisk leiar t.o.m. august 2025
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede, påliteleg
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidara
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, 95733837Arbeidsstad
Solhauglie 82943 Rogne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4830809190
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 11.08.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2704136
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfe24fc145ea481994e9457fb5ec4cae