Teamleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste, fast 100% stilling
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
INDRE NORDMØRE BARNEVERNTJENESTE FOR KOMMUNANE SURNADAL, RINDAL, SUNNDAL OG TINGVOLL SØKER TEAMLEIAR I FAST 100% STILLING.
Surnadal er vertskommune for samarbeidet og er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal kommune.
Barneverntjenesta er organisert i tre team med eigne teamleiarar:
- Avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barne som bur heime, med eigen teamleiarar både i Sunndal og Surnadal
- Tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen
Vi søker etter teamleiar for arbeidet med barn som bur utanfor heimen.
Arbeidsstad/oppmøtestad for teamleiar vil vere både i verskommune og ved kontoret på Sunndalsøra ut frå behova i barneverntjenesta.
Hovudansvarsområde:
- Bistå barnevernleiar i utviklingsarbeid innad i tenesta og vere ein del av leiarteamet
- Teamleiar må pårekne å vere stedfortredar for barnevernleiar og representere m.a i fylkesnemd og i retten
- Ansvar for fagleg veiledning, leiing og koordinering av det daglege arbeidet i eige team
- Overordna ansvar for al all saksbehandling i eige team skjer etter krav som framgår av lov, forskrift og kommunen/tenesta sine prosedyrer, og innafor vedtekne økonomiske rammer
- Arbeide i tråd med intensjonane i oppvekstreformen
- Ansvar for å legge til rette for eit godt samarbeid på tverst av teama og med andre instansar
Kvalifikasjonar:
- Fortrinnsvis barnevernespedagog eller sosionom. Anna relevant høgskule-/universitetsutdanning med erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid kan bli vurdert
- Det er ønskjeleg med barnevernfagleg vidareutdanning eller master i barnevern og veiledarkompetanse
- Vi vi legge til rette for deg som vil ta minimum 30 stp vidareutdanning
- Du må førarkort kl.B og disponer bil. Vi har tenestebilar tilgjengeleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest, denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader
Det vil frå 1.januar 2031 bli stilt krav om barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå. Kompetansekravet er også oppfylt av personell som hra relevant bachelorutdanning om som innan 1.januar 2031, kan dokumentere minst 4 års arbeidserfaring frå barnevernet og som har gjennomført ei barnevernfagleg eller anna relevant vidareutdanning med minst 30 stp.
Surnadal kommune vil vere med å legge til rette for at kompetansekravet som kjem i 2031 kan realiserast.
Personlege eigenskapar:
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og arbeider strukturert og målretta. Du tåler høgt arbeidspress og følelsesmessige påkjenningar over tid.
Fleksibilitet og evne til å finne løysingar er eigenskapar vi ser etter. Også at du tenkjer heilheiltleg og at du har god evne til refleksjon.
Vi tilbyr:
- Lønn etter avtale og kommunale tilsettingsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2567949
- Sist endret
16. mars 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3305345_185517_nn