Prosjektleiar -- Utbygging Sør
Org. nr: 923723048 Stillingsident: 4331562096 Presentasjon av stillingen:
Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherre-miljøet er delt i tre geografiske einingar, Utbygging Nord (Sogn og Fjordane), Utbygging Sør (Hordaland) og Utbygging bergensområdet.
Til Utbygging Sør søkjer vi etter ein prosjektleiar for større og mindre tiltak i Sunnhordland (Stord / Bømlo) og elles i vårt geografiske ansvarsområde. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg både fagleg og sosialt.
Vi har fleire kontorstader; Voss, Odda, Stord samt anleggskontor på Bømlo og Sunndal. Det må påreknast utstasjonering på aktuelle prosjekt ved behov. Arbeidsstad er for tida Stord.
Om stillinga
Som prosjektleiar vil du ha ei prosjektportefølje med prosjekter av ulik storleik og kompleksitet. Du vil følje prosjekta gjennom ulike fasar, frå planlegging til prosjektering og gjennomføring fram til overlevering til driftsfasen.
Du vil ha det overordna ansvaret for rapportering innan HMS-framdrift-økonomi- og kvalitet i prosjekta. Med deg på laget vil du få byggjeleiarar, kontrollingeniørar og interne og eksterne prosjektressursar som du får eit fagleg leiaransvar for.
Vi nytter modellbasert prosjektering i gjennomføring av prosjekta, og det er viktig at du sjølv går i front som eit godt eksempel og motiverer til bruk av verktøyet.
Til stillinga ligg det også eit ansvar for etablering og aktiv deltaking/styring i plan -og prosjekteringsgrupper, i tillegg til å syte for ein god dialog med samarbeidspartane og naboar i prosjekta.
Hos oss kan du forvente
Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med mykje ansvar og stor samfunnspåverknad. Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
Prosjekt sør har eit godt arbeidsmiljø kor det er lov til å utfordre kvarandre. Du vil bli med i ein gjeng som har fagleg og profesjonell styrke, stor takhøgde, godt humør og som dagleg går til ein triveleg arbeidsplass.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Det er ønskeleg med erfaring og kunnskap om prosjektleiing, gjerne frå offentleg sektor. Vi ser positivt på erfaring frå samferdselanlegg, røynsle frå vegbygging, betongkonstruksjonar eller bygging av nye tunnelar. At du er kjend med, og gjerne har erfaring med BIM, frå prosjektering og gjennomføring er ein fordel.
Vi ser og etter ein person som er sjølvstendig, initiativrik og resultatorientert. Gode kommunikasjonsevner er viktig for å sikre god dialog i prosjekta og skaper engasjement som er naudsynt for kvalitet og leveransar.
Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Utbygging Sør Kathrine Løno Lahlum på telefon; 95055252.
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Kathrine Løno Lahlum, leiar Utbygging Sør , 95055252, Kathrine.Lono.Lahlum@vlfk.no
Arbeidsstad
Vabakkjen 7
5411 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4331562096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.03.2021