Lærlingplass som ernæringskokk ved Vik Helse- og omsorgssenter
Vik Bygde- Og Sjukeheim
Fjordavegen 1, 6891 Vik i Sogn
Om jobben
Vik Kommune har ledig ein (1) lærlingstilling som ernæringskokk frå august 2024.
Stillingstittel
Lærling ernæringskokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Me søkjer etter personar som har fullført og bestått VG1 og VG2 innan faget.
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Me ser etter deg som er positiv, omgjengeleg, samarbeidsvillig og lærevillig.
Forventingar me har til deg som søkjer:
- At du viser interesse for faget
- At du tek ansvar for å vise eigen fagleg utvikling ved å dokumentere i eige dokumentasjonsprogram og ved samhandling med instruktør
- At du tek del i det daglege arbeidet ved avdelinga
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgaver
Kjøkenet servar pr no dei 36 bebuarane me har på sjukeheimen. I tillegg blirt det kvar dag laga middag til mange eldre, både i omsorgsbustad og eigen heim.
Vi tilbyr
Me har ledig ein (1) lærlingstilling som ernæringskokk ved Vik Helse- og omsorgssenter frå august 2024 (oppstart etter avtale). Læreperioden vil vera på kjøkenet tilknytta Vik Helse- og omsorgssenter.
Helse og omsorg i Vik er godt i gang med bygging av nye lokale til alle avdelingar. Nytt og topp moderne institusjonskjøken vil stå klart til innflytting våren 2025, med alle fasilitetar som trengs for å drifte eit effektivt storkjøken. På same tid vil første del av ny sjukeheim stå klar til innflytting, medan siste del av prosjektet skal vere klart hausten 2026. Alle avdlingar vil då vere komne inn i nye, moderne lokale.
Me tilbyr deg ein læreplass som er spanande og utfordrande. Du vil få god fagleg og personleg opplæring, og nødvendig kursing som tilfredsstiller dei krav som læreplassen fastset.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Vik kommune tilbyr 100% fast stilling etter godkjent utdanning/fagbrev.
Løn for lærling blir fastsett som ein prosentvis andel av minsteløn for fagarbeidar. Fag som følgjer hovedmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i bedrift. Lønstabell:
1.halvår: 30 % av minsteløn fagarbeidar
2.halvår: 40 % " "
3.halvår: 50 % " "
4.halvår: 80 % " "
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Om bedriften
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2620105
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d918bcd9-b19f-4bd4-98b6-5b414ac681f9