Vi søkjer engasjert rådgivar - Ulsteinvik
Bli ein del av vårt team
Sjølv om vi driv bank, er vi ikkje berre bankfolk. Vi er også mødre og fedre, fotballsupporterar og lokalpatriotar. Vi møter ungdom med store draumar og menneske med nye idéar. Vi skapar møteplassar, nettverk og gnist. Vi gløder for kundane våre! Vi leitar etter moglegheiter og er ein pådrivar for at kundane våre skal nå sine draumar. Engasjementet vi har kan vere det som endrar alt.
No har du sjansen til å verte ein del av Team Møre. For i Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du vert ein del av eit team. I Team Møre er vi først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.
Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement! Vi søkjer deg som gløder for lokalsamfunnet ditt, og som vil gjere ein forskjell. Vi ser etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.
Det er også flott om du har desse eigenskapane:
- Du kommuniserer godt og elskar å treffe nye menneske
- Du har personleg drivkraft og er glad i å lære
- Du har relevant utdanning eller erfaring
Dersom du vert ein del av Team Møre, og skal vere med å begeistre kundane våre, er det eit krav å bestå eksamen frå nasjonal autorisasonsordning for finansielle rådgjevarar. Du kan lese meir om dette på autorisasjonsordningen.no. Som finansiell rådgjevar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du får vere med på å skape noko for og saman med kundane våre.
Vi vonar du er inspirert og trigga til å verte ein del av Team Møre! Vi er klare til å høyre frå deg!
Søk innan 10.03.2020
Ønskjer du å vite meir? Ta kontakt med oss.
Om bedriften
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaperkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling AS er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter, og vi er ein aktiv og engasjert bidragsyter i denne utviklinga. Med 28 kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.