Ledig stilling
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som fysioterapeut
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Me har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut. Stillinga er organisert under fysio - og ergoterapiavdelinga.
I fysioterapi tenesta har me eit godt fagmiljø med 3 faste stillingar, ein turnusfysioterapeut samt avtale med privat fysioterapeut om 50% driftstilskot.
Lærdal kommune vil opprette eit tre-årig prosjekt som skal styrke arbeidet med å førebygge sjukefråver for våre tilsette i kommunen, med fokus på å utvikle helsefremjande arbeidsplassar og styrke nærveret på jobb.
Nytilsett fysioterapeut vil få ansvar for å følgje opp dette prosjektarbeidet.
I tillegg vil denne stillinga bli tillagt kurativt arbeid retta mot vaksne pasientar i arbeidsfør alder med blant anna muskel- og skjelettplager.
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon
Arbeidsoppgåver:
- Jobbe tett ilag med einingsleiarane om førebygging av sjukefråver og styrking av positive nærversfaktorar
- Frisklivstiltak for tilsette, rettleiing og rådgjeving
- Tilretteleggingstiltak på arbeidsplassar
- Systematisk kontakt med fastlegane, Arbeidslivstenesta/Nav, vernetenesta, frisklivssentralen med fleire
- Gjennomføre konkrete nærversprosjekt på utvalde arbeidsplassar
- Pasientbehandling/kurativt arbeid med pasientar, i hovudsak vaksne
- Tverrfagleg samarbeid kring brukarar, også på systemnivå
- Andre oppgåver etter nærare avtale kan bli lagt til stillinga
Personlege eigenskapar vert vektlagt:
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- God til å kommunisere og samarbeide,
- Ha ei positiv innstilling
- Vere lyttande og god til å motivere
Me tilbyr:
- Lønn i samsvar med tariff og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollega
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Høve til kurs og etterutdanning
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2665899
- Sist endret
24. juni 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3358741_228183_nn