Sokneprest i Jølster i Sunnfjord prosti med sokna Ålhus og Helgheim som tenestestad
Den norske kyrkje, Bjørgvin bispedøme
6847 Vassenden, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Sunnfjord prosti med Ålhus og Helgheim sokn som tenestestad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Jølster (3100 innbyggjarar) er ei kulturbygd med strålande natur, som er kjend frå målaren Nikolai Astrup sine mange motiv. Kyrkje og kulturliv har hatt eit rikt samspel gjennom generasjonar. Her møter ein bygde-Norge si dugnadsånd på sitt beste.
Vi søkjer ein sokneprest som ønskjer å vere ei drivkraft og ein inspirator i teamet av tilsette og friviljuge medarbeidarar. Søkjaren må vere glad i å forkynne evangeliet og gje opplæring i den kristne trua og kunne verdsetje alt godt kulturarbeid i folkekyrkja – og halde fram tradisjonen med å leggje til rette for gudstenester ute i naturen. Vi ønskjer at han/ho saman med trusopplærarane skal ta vare på og vidareutvikle det breitt utbygde arbeidet vi har for born og unge.
Jølster er landet rundt Jølstravatnet, med tettstadane Skei og Vassenden i kvar ende. Rundt vatnet ligg det tre kyrkjer, Ålhus (1795), Helgheim (1877) og Vassenden kyrkjesenter (2002). Kyrkjesenteret er ei stor, moderne arbeidskyrkje med liturgisk rom, kontor for staben, kjøkken og fleire smårom. I tillegg kjem Skei misjonshus som også vert nytta av kyrkjelyden. Både på Vassenden og Skei er det omsorgssenter der presten i samarbeid med mange friviljuge plar ha andakt og sosial samling kvar 14. dag.
Kvar tysdag føremiddag plar tilsette, friviljuge og folk elles frå kyrkjelyden møtast til tidebøn og lunsj i kyrkjesenteret. Då er det også stabsmøte.
Soknepresten sine næraste tilsette medarbeidarar er: Organist (90%), sekretær (40%), kyrkjelydspedagog (20%), trusopplærar (20%), driftssjef/kyrkjetenar (90%). I tillegg kjem mindre kyrkjetenar- og klokkartenester.
Statistikken for 2024 viser at det var 56 søndagsgudstenester i sokna med gjennomsnittleg 84 deltakarar, 40 dåp, 37 konfirmantar og 24 gravferder.
Det er ein godt utarbeidd plan for trusopplæring med mange tiltak, god oppslutnad og ein stor flokk av friviljuge som er involvert. Det er tradisjon for at foreldra er medansvarlege for mange tiltak i konfirmanttida, slik som kyrkjekaffi til dei ordinære gudstenestene, fest for konfirmantane, konfirmantweekend, konfirmantdag i slalåmbakken, konfirmantbading på 1. påskedag osv.
På Skei har KFUM/KFUK-speidarane ei stor gruppe.
Jølster er ein del av Sunnfjord fellesrådsområde med hovudkontor i Førde. Der er også kyrkjeverja og prosten lokalisert. Fellesrådet har 38 tilsette i om lag 20 årsverk. I tillegg er det 7 prestar. Dei samarbeider, har faglege møte, hjelper og utfyller kvarandre i oppgåver som det er krevjande å stå åleine om eller når det vert for mykje på same tid.
I Jølster er det godt barnehagetilbod og to grunnskular. I Førde-området er det vidaregåande skular og mange tilbod for jobbsøkjarar.
Fleire detaljar finst i sokneråda sine årsmeldingar: Årsmelding sokna Helgheim og Ålhus
Søkjar må ha førarkort klasse B og disponerer bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven §39 jf. trossamfunnsloven §20.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Konfirmantundervisning.
- Deltaking i trusopplæring saman med kyrkjelydspedagog og trusopplærarar
- Soknerådsarbeid
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- God evne til å formidle til born og vaksne i folkekyrkja.
- Evne til å samarbeide med og inspirere friviljuge.
- Vilje til å vidareutvikle eit kyrkjeleg arbeid for alle aldersgrupper.
- Evne til å nytte nynorsk som skriftspråk.
- Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde,
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning i KLP. Les meir om offentleg tenestepensjon på www.klp.no
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler.
- Arbeidsvegleiing (ABV).
Kontaktinformasjon
Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidssted
6847 Vassenden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4890074399
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Knut Magne Nesse
Prost i Sunnfjord
91713275
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2856306
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dedca4e25968413a84dfc3d6e1020e0c