Helgestilling for helsefagarb., sjukepleiar og/eller vernepleiar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing helgestilling helsefagarb./sjukepleiar/verneplei
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juli
Om stillingane
Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig:
- 13% helgestilling kvar 3. helg frå 01.08.2024
- 18% helgestilling kvar 4. helg (langvakter) frå 01.08.2024
Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar, men andre kan også søkje og verte vurdert. Kommunen har ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Kommunen har innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
- Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2677176
- Sist endret
12. juni 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10214387