Vikariat som fastlege ved Skjåk legesenter
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Skjåk kommune har ledig vikariatstilling som fastlege i 80% stilling frå d.d. til 01.05.2025.
Vikariatet kan bli forlenga. Fastlegeheimelen har for tida ansvar for 630 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale -- per nå helsestasjonsarbeide 2-3 timar per veke. I tillegg blir du ein del av det regionale legevaktsamarbeid mellom dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Den regionale legevakta er lokalisert ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.
Skjåk legesenter er lokalisert på kommunehuset i Bismo med 3,2 legeheimlar og LIS1 (turnuskandidat).
Krav til kompetanse
-
norsk autorisasjon som lege
-
gjennomført norsk turnusteneste
-
gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
-
gode kommunikasjonsevner
-
det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
-
søkjar må ha førarkort
-
ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
-
Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
-
Regelmessig rettleiing gjennom heile tilsettingsperioden
-
Eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og fagleg utvikling
Ved tilsetting er det krav om politiattest.
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 482 94 126, eller tenesteleiar for helse Eli Skjåk Teigum 902 41 735 .
Søknadsfrist 28. november 2024- Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2779841
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d87a780e-bbc4-4822-bcd4-548cbbbfbc6a