Lærar
Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
Wilhelm Bugges veg, 6993 Høyanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Høyanger skule har ledig 100 % fast lærarstilling frå snarast. Stillinga er øyremerkt undervisning for nykomne flyktningar i grunnskulen (innføringsklasse).
Krav til søkjarar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, med norsk i fagkrinsen
Vi ønskjer søkjarar som har:
- Engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk i fagkrinsen
- Erfaring frå klasseleiing
- God digital kompetanse
- God relasjonskompetanse
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger skule kan tilby:
- Eige klasserom for innføringsklassen
- Ny digital tavle i klasserommet
- Gode læremiddelressursar, -både digitalt og bøker
- Eigne PC-ar til alle elevar
- Eit tett samarbeid med Høyanger norsksenter
- Eit triveleg arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer og vekt på sosiale treffpunkt
Høyanger kommune kan tilby:
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Høve til kompetanseutvikling
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt kultur-, lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, symjehall m.m.
Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Marita Myklebust Tonning på tlf. 97097601 eller Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr deira erfaringar.
Den som blir tilsett må framvise gyldig politiattest før oppstart.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859158
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3464261_176901_nn