Vi har ledig stilling som fysioterapeut!
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig 80 % engasjement i 6 månader som fysioterapeut.
Arbeidsstad
Ergoterapi og fysioterapitenesta har fem tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta hjelper og til med tilrettelegging og tilpasning av hjelpemidler. Tilbudet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre sin funksjonsevne.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Undersøking, vurdering, tilrettelegging og oppfølging av vaksne og eldre med behov for rehabilitering og fysioterapi, i og utanfor institusjon.
Samarbeid med relevante aktørar og bidra i koordineringen for å sikre eit heilhetlig rehabiliteringsforløp med personen i sentrum.
Formidling og oppfølging av tekniske hjelpemidler.
Forebyggande helsearbeid, bistå med behandling i grupper.
Bistå med veiledning av personar, pårørande, samarbeidande helsepersonell og kollegaer.
Kvalifikasjoner
- Autorisert fysioterapeut
- Fagleg engasjement, evne til å motivere og bygge gode relasjoner med brukere og kollegaer
- Erfaring med å planlegge, instruera og drifte treningsgrupper
- Erfaring med hjelpemiddelformidling
- Benytte kunnskapsbasert praksis
- Erfaring og kompetanse innan rehabilitering og kommunehelsetenesta er ønskeleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til fagsystemet Profil
- Førarkort for personbil klasse B
- Gyldig politiattest
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er fagleg engasjert og likar å arbeide med mennsker og som har evne til god samhandling og til å jobbe tverrfaglig og i team. Vidare må du vere/ha:
- ansvarsbevisst
- løsningsorientert
- strukturert
- fleksibel
- sjølvstendig
- systemforståelse
- stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt tverrfaglig samarbeid
- Nytt Helsehus med fine lokaler
- Bil i teneste
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Laila Taraldsen, Mobil 91392968
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!