Politiførstebetjent - teamleiar - Bergen sentrum politistasjonsdistrikt - Avsnitt for kriminalitetsførebygging, Innsatsgruppa mot opne russcener
I Vest politidistrikt, for tida Geografisk driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden, er det ledig to faste stillingar som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som teamleiar ved Avsnitt for kriminalitetsførebygging, innsatsgruppa mot opne russcener. Stillinga er for tida stadsplassert ved Bergen sentrum politistasjon. Tenesta inneber noko skiftarbeid.
Innsatsgruppa mot opne russcener skal jobbe kunnskapsstyrt opp mot problemmiljø for å stanse/redusere uønska aktivitet på opne russcener som ligg innan ansvarsområdet til politiet, og forhindre etablering i nye område.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarane må kunne nytte både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Då må stadfesta attestar og vitnemål takast med. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Etterforskingsleiar i alle saker teamet produserer
- Delta aktivt i etterforsking
- Ansvarleg for å fordele og følgje opp arbeidsoppgåver internt i teamet
- Medansvar for at innsatsgruppa henter inn etterretningsinformasjon som bidreg til at distriktet jobber kunnskapsstyrt og effektivt ut frå dei prioriteringane som er satt for verksemda
- Medansvar for at innsatsgruppa jobber tverrfagleg og samhandlar aktivt med andre operative einingar i politidistriktet
- Medansvar for å utforme og gjennomføre innsatsgruppa sin metodikk, strategi og verksemdsplan
- Fagleg rettleiing og motivasjon av medarbeiderane, herunder motivere til bruk av PPS som metode
- Bidra til effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar i eigen og andre seksjonar
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Brei politifagleg bakgrunn, mellom anna frå etterforsking og operativt politiarbeid
- Søkjar må vere IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP4-godkjend
- Erfaring frå saksredigering, mellom anna gode BL-kunnskapar
- God munnleg og skriftleg framføring
- Erfaring med bruk av politiet sine IT-system
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring blir vektlagt
- Utdanning og/eller erfaring frå førebyggande politiarbeid blir vektlagt
- Anna relevant utdanning eller erfaring er ein fordel
- Kompetanse i bruk av PPS er ein fordel
- Kunnskap om HMS-arbeid er ein fordel
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Ha evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne i hektiske og pressa situasjonar
- Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane
- Mål- og resultatorientert og evne til kreativ problemløysing
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent SKO 0285 frå ltr. 63/ kr. 555 100 til ltr. 66/kr 586 500 brutto per år. Endeleg lønnsplassering avheng av kvalifikasjonar
- Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Bente Liland, Avsnittsleiar, 95858925
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201810710
Fast stilling
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4002639453&company_id=3733481082&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.