Barnehagelærar - 100% fast - 2 ledige stillingar
Modnen Barnehage
Skulevegen 10, 5783 Eidfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Om stillingane:
Me søkjer etter to barnehagelærarar i faste stillingar. Som barnehagelærar bruker du din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å leggja til rette for at barnegruppa og det enkelte barnet er trygt. Det kan vere aktuelt at barnehagelærar får funksjon som pedagogisk leiar, ved behov frå august 2025.
Arbeidsoppgåver:
-
Ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet på avdelinga
-
Arbeida målretta i tråd med rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald, og lov om barnehagar
-
Bidra til å utvikla eit godt arbeidsmiljø og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette
-
Evne til å ha oversikt, organisere og tilpasse arbeidet etter borna sine behov
Ynskte kvalifikasjonar
-
Godkjent treårig bachelor barnehagelærarutdanning
-
Søkjarar med anna pedagogisk høgskuleutdanning kan verte vurdert
-
Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
-
God digital kompetanse i eige planarbeid og saman med borna
Personlege eigenskapar
-
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
-
Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
-
Fleksibel og endringsvillig
-
Omsorgsfull, og legg stor vekt på å skapa gode og trygge relasjonar
-
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Me tilbyr
-
Spanande og varierte oppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt tverrfagleg miljø
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
-
Moglegheit til å søkja støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
-
Gode pensjonsordningar
-
Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle, og med visjonar om å skapa gode robuste team som er oppteken av fagleg utvikling
-
Ein barnehage som er framoverlent og som ynskjer å vera med å utvikla barnehagefeltet
-
Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
-
Betre bemanningsnorm enn dei sentrale føringane
-
Hjelp til å skaffa husvære
Tilsetjingsvilkår:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Arbeidsspråket er nynorsk.
Merk søknaden med arkivsakID: 25/30
Spørsmål?
For meir informasjon om stillingane kontakt:
Styrar, Grete Næss, tlf. 990 34 547
Assisterande styrar, Silje Aurdal Riber, tlf. 482 39 443
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Modnen barnehagen
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett i nærleiken. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.
Me ser etter deg som er glad i å leika, læra og undre seg saman med borna, som
alltid er på bornas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Eit viktig mantra for barnehagen er tidleg innsats gjennom systematisk arbeid, fokus på gode relasjonar og dialog.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855217
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d783bb1d-ad22-47e6-aca8-ac251e9cc80a