Tu skule har ledig vikariat i 100 % stilling som lærar
Tu skule har ledig vikariat i 100 % stilling frå 02.03.20 til og med 19.06.20 på 7. trinn.
Før oppstart må det leggjast fram tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova § 10-9/barnehagelova § 19.
Krav til kompetanse
- Har godkjend allmennlærarutdanning eller GLU 1.-7 eller GLU 5.-10.
- Har engelsk i fagkretsen
Ønsket kompetanse
- Er ein tydeleg og god klasseleiar med høg relasjonskompetanse
- Har høg digital kompetanse eller er villig til å læra
Personlige eigenskaper
- Kan samarbeida godt med elevar, føresette og kollega
- Har høge forventningar til eigen innsats for å fremja elevane si læring og utvikling
Stillingsnummer: 20/61
Om bedriften
Tu skule er ein PALS-skule med 264 elevar fordelt på 1.-7-trinn. Me er særs stolte av å ha eit utviklingsorientert kollegium, ein moderne skulebygning og eit positivt nærmiljø. Vår visjon er: Meir læring for alle! Me er inne i ei rivande digital utvikling. Alle elevar og lærarar nyttar iPad i undervisninga. Me er i ferd med å byggja opp skaparverksted på skulen for å stimulera til kreativitet og utforskartrong. Tu skule er partnarskapsskule saman med Universitetet i Stavanger og tek i mot studentar kvart år. I tillegg er me ein dysleksivennleg skule. Høyres dette spennande ut? Har du lyst til å bli ein del av laget vårt?