PP-rådgjevar, spesialpedagog/logoped ved Kinn PPT
Nye Kinn PPT vert eit kontor med totalt 9 årsverk som består av fagstillingar og 1 merkantilstilling.
Kontorstader vil vere både i Florø og Måløy.
Om teneste og stilling
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT). PPT sitt formål er å hjelpe skular og barnehagar med å tilrettelegge det pedagogiske tilbodet for barn, unge med særlege behov. PPT føretar sakkunnig vurdering av barna sine individuelle opplæringsbehov. PPT bidreg råd og anna kompetanseheving til foreldre og opplæringsansvarlege i barnehage og skule.
Sentrale arbeidsområder
" Utgreiingsarbeid og sakkunnig arbeid.
" Systemretta arbeid i barnehage og skule.
" Råd og rettleiing til eleven sjølv, føresette, skule og barnehagepersonell.
" Tverrfagleg samarbeid med andre instansar, kommunale og eksterne instansar som Statped,
Habiliteringstenesta og Barne- og Ungdomspsykiatrien (BUP).
Ønskjelege kvalifikasjonar
" Utdanning på masternivå, spesialpedagog/pedagog, innan fagvanskar og det psykososiale fagområdet.
" Sakkunnigheitsarbeid, kartlegging, herunder testkompetanse.
" Rettleiings-/rådgjevingskompetanse
" Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekke.
" Engasjement og drivkraft i høve organisasjonsutvikling.
Kinn PPT vil ha to kontorplassar, Florø og Måløy. Dei tilsette må rekne med å yte tenester begge stader.
Dette vil krevje gode samarbeidsevner og fleksibilitet. Dei nytilsette vil måtte tilpasse seg allereie etablerte rutinar,
samstundes vil evne til nytenking og kvalietsutvikling bli verdsett.
Vi tilbyr
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, god pensjonsordning, eige kompetanselønssystem.
Krav om førarkort klasse B, og disponere eigen bil i tenesta.
Søknad sendes
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til tenesteleiar ved no Flora PPT,
Haldis Myklebust Førde tlf. 906 21 686,
eller kommunalsjef for oppvekst Kinn kommune, Ellen Jåvold tlf. 400 31 715
Link til elektronisk søknadsskjema her på sida.
Om bedriften
Flora kommune