Ferievikarar 2020 Surnadal sjukeheim
Org.nr.:964981892 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillingane
Vi treng vikarar i perioden 22.06.20 - 16.08.20, dvs frå og med veke 26 til og med veke 33.
Det er viktig at du oppgjev i søknaden når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i løpet av perioden.
Ferievikarar som kan arbeide heile perioden vil bli prioritert.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og som kan tenkje seg ferievikariat treng ikkje å søkje, men kan ta kontakt direkte med einingsleiar.
Kvalifikasjonar, utdanning
Vi treng sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Legestudentar er også velkomne til å søkje.
Gor å vere aktuell som søkjar må du fylle 18 år i løpet av 2020. For ein del arbeidsoppgåver er det eit krav at du må vere fylt 18 år for å kunne utføre dei.
Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne på norsk.
Tilsettingsvilkår
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
-
har gode samarbeidsevner og er rause og inkluderande
-
som kan arbeide sjølvstendig og systematisk
-
som har god arbeidskapasitet
Vil tilbyr:
-
opplæring og rettleeing
-
ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
-
godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marit Moe Kvendbø, Mobil +47 97509871, Epost: marit.moe.kvendbo@surnadal.kommune.no
Om bedriften
Surnadal Sjukeheim har pr i dag 61 institusjonsplassar med langtidsavdelingar, demensavdeling og korttidsavdeling. Det er knytt ein observasjonspost til korttidsavdelinga, der vi m.a tek i mot pasientar som kjem frå sjukehus, palliative pasientar og andre med behov for sjukepleiefagleg hjelp i institusjon.
Vi er ein aktiv sjukeheim der kvalitetssikring av tenestene og heilheitleg pasientforløp har fokus.
Fagutvikling og kompetanseheving er kontinuerlege fokusområde. Vi driv mykje internundervisning og har eigen fagutviklingssjukepleiar, samt eiga kvalitetsgruppe. Vi har spesialkompetanse innan både palliasjon, psykisk helse, sårbehandling, demens- og kreftomsorg. Vi jobbar med kompetanseplan og det å sikra mangfald i kompetansen i åra som kjem for å møte fleire brukargrupper og med komplekse helsetilstandar, i tråd med samhandlingsreformen. Vi har, saman med Heimetenesta, hatt samarbeid med Den Norske kirke, med prosjektarbeidet <<Samhandling på siste vakt>>, der åndelege behov i livets sluttfase står sentralt. For dette arbeidet har vi vunne etikkpris, og midlane brukast m.a til refleksjonsarbeid i personalgruppa.
Vi praktiserer stille rapport for best muleg kvalitet i dokumentasjon og rapport, og vi har primærkontaktfunksjon for våre pasientar. Døgnrytmeplana vår er tilrettelagt for aktiviteter med pasientane, og vi har eigen trivselvertrolle i avdelingane. Vi har både innandørsaktivitetar og utandørs, m.a dans, innebandy og sang som faste aktiviteter for pasientane. Ellers kan det vere baking, spel, bingo, ut på turar og meir til etter pasientane sine ønskje. Vi har og eit SPA-rom der pasientane kan få massasje og hudpleie. Vi brukar vår eigen Kafé Heimen som ein av møteplassane for både aktiviteter og sosialt samvær.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde for kommunen, og vi ønskjer å tileigna oss gode løysingar retta mot sjukeheimsdrift også i åra som kjem.
Godt arbeidmiljø er viktig for oss, vi meiner at å ha det greit på arbeid er ei forutsetning for godt pasientarbeid og samarbeid i personalet. Målet er god trivsel, og å førebyggja arbeidsrelatert fråvær. Vi ansvarleggjer alle ansatte for å medverka til eit godt arbeidsmiljø. Vi har ei eiga arbeidsmiljøgruppe der ulike arbeidsmiljøtema blir drøfta og tiltak vurdert. Vi tenkjer at involvering, inkludering, respekt og likeverd er sentrale verdiar for eit godt arbeidsmiljø.