Årsengasjement som rådgivar/sakshandsamer eigedom - to stillingar i 100% og ei i 50%
Org. nr: 99999 Stillingsident: 4157858078 Presentasjon av stillingen:
Kystverket har mange eigedomar og eigedomsforhold langs norskekysten. Kystverket sitt Senter for eigedom og kultur har ansvar for utføring av oppgåver, rådgjeving og rettleiing knytta til etaten sin eigedomsforvaltning. I samband med overføring av statlege fiskerihamner til fylkeskommunene frå 1. januar 2020 og anna avhendingsarbeid av ikkje-næringsaktive fiskerihamner, er det ledig 3 engasjementstillingar som rådgjevar ved senteret i perioden 1.januar 2020 til 31. desember 2020. To av stillingane er 100 %, medan ei stilling er 50 %.
Arbeidsstad for stillingane er for tida Arendal. I særlege tilfelle kan det vurderast ei anna arbeidsstad, herunder eit av Kystverkets kontor i Honningsvåg, Kabelvåg, Ålesund eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til sal og avhending av eigedom
- Arbeid knytt til overføring av dei statlege fiskerihamnane til fylkeskommunane
- Sakshandsaming knytt til eigesomssakar
- Arbeid knytt til opprydding og strukturering av Kystverket si eigedomsportefølje
- Registrerings- og kvalitetssikringsarbeid
- Andre oppgåver kan tilleggast stillinga
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med minimum 3 årig høgare utdanning til dømes i juridiske fag, som eigedomsmeklar eller innan eigedomsfag. Fullførd master i rettsvitskap / cand.jur., relevant master i eigedomsfag e.l. vil bli vektlegge.
- Erfaring frå arbeid med grunneigedomer, tingsrett, eigedomsjuss, sal av eigedom eller lignande vil vektleggast. Nyutdanna vil også bli vurdert.
- Gode kunnskaper i norsk munnleg og skriftleg
- God kunnskap om bruk av Word, Excel, E-phorte/Elements er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og strukturert.
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Varierte og utfordrande oppgåver
- Stillinga vert lønna som 1434 rådgjevar, ltr. 52-66, frå brutto kr 464 000 til brutto kr 586 500.
- Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
- Fleksibel arbeidstid
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss. Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta.
<<Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.>>
Kontaktinformasjon
Christian Tallberg, Fung. avdelingsleiar, 92412645, christian.tallberg@kystverket.no
Arbeidsstad
Kystveien 30
4841 Arendal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4157858078
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 05.01.2020
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.