Vikariat ved Sogndal BUP
Sogndal BUP, Helse Førde
Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat ved Sogndal BUP
Oppstart
18. oktober 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for Psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.
Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn Psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr poliklinisk spesialisthelsetjeneste til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.
Den som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar
- Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar
- Delta i fag- og kompetanseutvikling
- Det må påreknast noko reiseverksemd
Kvalifikasjonar
- Helse/sosialfagleg utdanning eller utdanning som grunnskulelærar/barnehagelærar
- Relevant vidareutdanning
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Gode samarbeidsevner
- Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid
- Skape tryggleik hjå pasientar og deira føresette
Ved vurdering av søkarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, +47 576 27 500Arbeidsstad
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4838155555
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.10.2024
Sluttdato: 17.10.2025
Søknadsfrist: 02.09.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2722135
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6571f362f2e645239e748dba4e401269