Bilansvarleg
Kommunalteknikk, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bilansvarleg
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
I Gloppen kommune er det ledig ei 50 % fast stilling som bilansvarleg for kommunen sine 50 tenestebilar.
Stillinga høyrer til avdeling for kommunalteknikk.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvaret i denne stillinga er å drifte og forvalte dei 50 tenestebilane (personabilar) kommunen har.
- Planlegge og kontrollere gjennomføring av EU-kontroll og service. Følgje opp manglar. Det må påreknast ein del reising med transport til og frå verktstad.
- Utføre enkle service- og reparasjonsoppdrag, inkl. dekkskift.
- Innkjøp og bestilling av delar.
- Avklare og rådgje ved utskifting og innkjøp av nye bilar.
- Vere tilgjengeleg for brukarane utover fastlagt arbeidstid ved bilproblem
- Dette er ei stilling med varierande arbeidsomfang og noko sesongarbeid, og det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til denne stillinga. Type arbeidsoppgåver vil bli tilpassa søkjar sin bakgrunn.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein medarbeidar med relevant bilbakgrunn, erfaring og interesse for arbeidsområde .
- Det er ikkje krav til fagutdanning for denne stillinga
- Datakunnskap
- Førarkort B
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein strukturert, systematisk og engasjert person med stor interesse for arbeidsoppgåvene.
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Vi vil legge stor vekt på at vedkomande er positiv, har godt humør og er motivert for ein utfordrande, variert og spennande jobb.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, regelverk og tariffavtale
- Oppmøteplass vil vere ved kommunalteknisk avdeling i Eidsmona
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Kontaktinformasjon
Kjell Petter Solhaug, Tenesteleiar kommunalteknikk, +47 995 17 295Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4911747441
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjell Petter Solhaug
Tenesteleiar kommunalteknikk
+47 995 17 295
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844817
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8905d4229d8e4ad4879a43523bc1a9a6