Fysioterapeut med driftsavtale
Org. nr: - Stillingsident: 4290355287 Presentasjon av stillingen:
I kommunedel Ørskog er det frå 01.03.2021 ledig 50 % avtaleheimel med driftstilskot for fysioterapeut med norsk autorisasjon. Heimelen er lokalisert til Fysiotrimmen sentralt på Sjøholt og er ein gruppepraksis med totalt 2 fysioterapeutar med 50 % avtale kvar.
Detaljerte opplysningar om fordeling av utgifter til drift og fordeling av oppgåver med meir kan søkarar få ved å vende seg til den oppgitte kontaktpersonen ved instituttet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet som avtalefysioterapeut omfattar undersøking, behandling med fokus på aktiv tilnærming både individuelt og i gruppe, rehabilitering og forebyggande tiltak, med mellom anna veiledning og opplæring. Kommunen søker fysioterapeut som bygger sin kliniske praksis på evidensbasert kunnskap. Tilplikting av kommunale oppgåver kan verte aktuelt i inntil 20 % av avtaleheimelen.
Kommunen ønsker ein person som både kan arbeide sjølvstendig, men som og vil delta aktivt i og bidra til kvalitetsutvikling og fagleg fellesskap i kommunen si samla fysioterapiteneste.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Brei og relevant erfaring, praksis og kunnskap innan allmenn fysioterapi.
- Du held deg fagleg oppdatert og har erfaring og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Evne til å drive sjølvstendig næringsdrivande fysioterapipraksis med avtaleheimel.
- Relevant vidareutdanning kan vere ein fordel.
- Tildeling av heimel vil skje etter reglane i ASA 4313.
- Søkarar frå land utanfor Skandinavia må ha bestått norskprøve på minimum B2 nivå, skriftleg og munnleg.
- I tråd med bestemmelsane i Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest av den som blir tildelt heimelen.
Personlege eigenskapar
- Det vert søkt etter fysioterapeut som er fleksibel og har gode kommunikasjon- og samarbeidsevne, samt har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk.
- Vedkomande må vere motivert og engasjert, interessert i fagleg og tverrfagleg utvikling.
- Fysioterapeuten må ha evne til nytenkning og effektive tenester og kan bidra til utviklinga av fysioterapitenesten i kommunen.
- Å vere personleg eigna vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt samarbeid med den øvrige kommunale fysioterapitenesten.
- Fysioterapeut med avtale om tilskot er sjølvstendig næringsdrivande.
- Fysioterapeuten og Ålesund kommune sine plikter er regulert av den til ei kvar tid gjeldande avtale mellom KS og NFF (ASA4313), om privat praksis for fysioterapeutar, og forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.
- Overdraging av fysioterapiverksemda mellom fråtredande og tiltredande avtaleinnehaver er regulert av punkt 7, 8 og 23 i ASA 4313.
- Utlyste avtalar om tilskot vert tildelt av kommunen som enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Kontaktinformasjon
Sigurd Groven, Fysioterapeut og kontaktperson Fysiotrimmen, 40244405
Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553
Arbeidsstad
Øyravegen 7
6240 Ørskog
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4290355287
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 18.10.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.