Helsefagarbeidar, 100% fast st. med bonusordning
Gulen kommune
Søre Garden 28, 5970 Byrknesøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing helsefagarbeidar, 100% fast stilling frå 01.03.2025 med bonusordning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Me tilbyr
- Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i stillinga
- Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.03.2025. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, og har arbeid kvar 4.helg med langvakt på helg.
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbiedarane.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn med brukarar i heimetenesta
- Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå, til dømes; stell, pleie, medikamenthandtering, ernæringsoppfølging osb.
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Dokumentere og rapportere i journalsystem
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff. Dette skal evaluerast i samband med revisjon av lønspolitisk plan.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Aina Furebotn
Einingsleiar Sone Byrknes, Brekke og Dalsøyra
+4757781654
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted