Maskinsjef i sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, f.t. MF Lærdal
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5635 Hatlestrand
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, f.t. MF Lærdal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
5635 Hatlestrand
Referansenr.: 4847845281
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.09.2024
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes, f.t. MF Lærdal.MF Lærdal blei bygd i 1997, og er ombygd til hybrid med batteri som primær energikilde i framdriftssystemet.
Skiftordning: 2 veker på, (ei veke dag og ei veke natt) og 2 veker av.
Selskapet kan tilby overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Høgspentkurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på (ei veke dag og ei veke natt), 2 veker av.
- Selskapet kan tilby overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden.
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 913 11 704, silje.hole@fjord1.noArbeidsstad
5635 Hatlestrand
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4847845281
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.09.2024
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2720622
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec5b6658bcf645eeb118608907854b09