Sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4098873632 Presentasjon av stillingen:
Ledig 50% stilling som sekretær. Stillinga er eit vikariat i perioden 15.08.2019 ¿ 04.02.2020.
Merkantilt personale står i linje til funksjonsleiar merkantil ved Spesialisert behandling Valen og har som oppgåve å sikre daglig drift av merkantile tenester i seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av rekrutteringsverktøy.
- Ta del i arbeidet med utforming av arbeidsavtalar.
- Ta del i arbeidet med "grønt sjukehus"
- Innkjøp og fakturahandsaming.
- Posthandsaming og arkivering.
- Tilrettelegging for møter og kurs, samt bruk av audiovisuelt utstyr.
- Ta del i arbeidet med tildeling av kurs og registrering i kompetanseportal.
- Anna førefallande arbeid i eininga.
Kvalifikasjonar
- Kontorfagleg utdanning.
- Relevant erfaring.
- Gode IKT-kunnskapar og evne til å kunne handtere ulike dataverktøy (og sikre at ein er oppdatert på dei som er aktuelle for å kunne utøve tenester i funksjonen)
Personlege eigenskapar
- Du har stor arbeidskapasitet og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel og løysningsorentert.
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt miljø.
Vi tilbyr
- Ein variert og lærerik jobb.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Seksjonsleiar, 53466407
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 23
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenummer:4098873632
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 15.08.2019
Sluttdato: 04.02.2020
Søknadsfrist: 14.07.2019
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.