Seksjonsleiar med klinisk arbeid
Vi ved seksjon poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi søker seksjonsleiar der 50% av stillinga gjelder klinisk arbeid.
Vi ønsker tilsetting snarast mogleg/etter avtale.
I poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi er heile legegruppa, nevropsykologar og fysioterapeutar i poliklinikken i
avdelinga organisert. Til sammen 16 stillingar.Ein har organisert poliklinikken i 2 tverrfaglege team som arbeider med Arbeidsretta rehabilitering(ARR) og 1 tverrfagleg team som arbeider med muskel og skjelettlidelsar. Ein har no drøftingar om framtidig organisering og seksjonsleiar vil være ein sentral aktør i dette arbeidet. Avdelingen har for tida 5 overlegar (spes. I fysikalsk medisin) der 2 er knytta til arbeid på pol.klin samt 1 LIS.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene blir delt mellom å vere leiar og drive klinisk arbeid i tverrfagleg team
Personal- og budsjettansvar
Du er ein del av avdelingsrådet i avdelinga
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring innan rehabilitering
Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
Evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
Vere ein god team spelar
Gode kommunikasjonsevner muntleg og skriftleg
Vere i stand til å gi og ta veiledning
Fleksibel
Engasjert
Løysningsorientert
Initiativrik
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande overeinskomst
Kvalifisert spesialist overlege innan fysikalsk medisin kan få tilbud om seksjonsoverlege stilling kombinert med seksjonsleiarstillinga
Utfordrande arbeidsoppgåver
Vi har eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
Samhandling med mange tverrfaglege miljø
Spanande og variert arbeid
Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningslinjer
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Steinar Gjærde, Avdelingssjef, (+47) 90206140, steinar.gjerde@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4046188930
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.04.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har omlag 6500 tilsette. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande