Inntil 80% fast stilling som fagarbeidar - Åmdals verk barnehage frå 15.08.24
FAGARBEIDAR I BARNEHAGE
Tokke kommune har ledige inntil 80 % fast stilling som fagarbeidar i Åmdals Verk frå 15.08.24.
Barnehagane i Tokke har fokus på leik, venskap og gode
relasjonar. Me har fokus på korleis me er saman med andre, og at alle kjenner
at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap. Me har jobba med prosjektet <<Inkluderande barnehage og skulemiljø>> og tek fokuset med oss vidare.
Barnehagane har gode friluft -- og utemiljø som blir nytta aktivt gjennom heile året.
Frå haust 2023 blei barnehagane i Tokke med i <<Liv og røre>> som har som mål å fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmeistring.
Åmdals Verk barnehage
Åmdals Verk barnehage er ei lita grendebarnehage med om lag 7 born og 3 tilsette.
Barnehagen har stort fokus på leik, og bruk av uteområdet rundt barnehagen.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Kristine Berthelsen,
e-post: kristine.berthelsen@tokke.kommune.no mob.: 410 21 563
Me kan tilby:
· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
· Eit godt arbeidsmiljø
· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
· Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Personlege eigeskapar:
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Kvalifikasjonar:
· Godkjent utdanning som fagarbeidar
Andre (assistentar) kan òg søkje.
· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt barnehageår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 1. mai 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.