Spesialsjukepleiar 100% fast stilling
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. september
Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar. Psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same år. TPS skal gi tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gir tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TPS har 15 sengeplassar. Sjukepleiarar og vernepleiarar inngår i tverrfagleg team saman med hjelpepleiar/helsefagarbeidar, psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom og treningsterapeut.
Det er ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 01.09.24. Arbeid pt kvar 3. helg, to delt turnus.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar har ansvarsvakt og fordeler arbeidsoppgåvene, samt er brannansvarleg
- Pasientoppfølging som inneber oppfølging av sjukepleiefaglege tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Tverrfagleg teamarbeid rundt pasientane
- Observere og dokumentere
- Kontakt med pårørande og familiearbeid
- Du må kunne bidra til ein god postatmosfære med omsorg, støtte og struktur
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
- Engasjement og interesse for å jobbe med unge nysjuke
- Det er ønskeleg med kunnskap om EPJ/DIPS
- Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
- Det blir lagt vekt på om du er personleg eigna for stillinga spesialt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig og serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Lojal og tolmodig
- Du må vere i stand til å ta i mot rettleiing frå ansvarshavande sjukepleiar/vernepleiar og følge retningslinjene i seksjonen
Vi tilbyr
- Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Vi tilbyr alle faste tilsette kurs i møte med aggresjonsproblematikk (MAP), samt fadderordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Cathrine Mjøs Kristiansen, Ass. seksjonsleiar, 40491598Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4849326803
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Cathrine Mjøs Kristiansen
Ass. seksjonsleiar
40491598
Kjersti Valestrand Bjørnstad
Seksjonsleiar
55958612
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2723198
- Sist endret
6. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94d99c3127c04c4f9d5b0e8695baf384