Etterforsker politibetjent 3/2/1
Vi leitar etter ein dedikert politietterforskar med ein lidenskap for å løyse kriminalsaker og eit talent for samarbeid og kommunikasjon. Vi ønskjer nokon som kan bidra til eit positivt og effektivt arbeidsmiljø, og som trivst med å jobbe i team. Som ein del av politiet er det viktig å vere både modig og heilskapsorientert, samtidig som ein viser respekt og er tilgjengeleg for andre.
Vi verdset desse eigenskapane høgt når vi vurderer kandidatar til stillinga.
Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med varierte og spennande oppgåver. Etterforskinga er ein integrert del av strategien vår for å førebyggje kriminalitet. I periodar kan det vere nødvendig med arbeid innanfor vakt og beredskap, avhengig av behova til eininga.
Driftseininga Nordmøre og Romsdal omfattar områda Kristiansund, Smøla, Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Vestnes, Rauma, Molde og Hustadvika politistasjonsdistrikt. Stillinga er akkurat no organisert under Hustadvika politistasjonsdistrikt, med ein tenesteeiningsleiar og fleire medarbeidarar. I tillegg har vi tilsette frå andre einingar som jobbar ved Hustadvika politistasjondistrikt. Vakt- og beredskapstenesta for Hustadvika politistasjonsdistrikt blir utført av Molde politistasjon.
Søk no, og bli ein del av det dedikerte teamet vårt!
Arbeidsoppgåver
- Etterforskingsoppgåver
- Kriminalitetsførebyggjande arbeid
- Krimvakt/publikumsmottak
- Noko starksetterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Det kan bli aktuelt med noko arbeid/støtteliste ved vakt og beredskap
- Kan påleggsgast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema+phs
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- God munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
Ønskeleg:
- Relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten blir vektlagt
- Erfaring med etterforsking
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Anna etter-/vidareutdanning frå politi(høg)skulen
- Gode resultat frå utdanning ved politi(høg)skulen er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- Du har god gjennomføringsevne
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er planmessig og ansvarsmedvite i arbeidet ditt
- Du er tilpassingsdyktig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457)
- Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 635 400
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
- Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnustjeneste
- Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
- Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Jorunn Grete Lyngstad Pettersen, Stasjonssjef, 48887254Arbeidsstad
Torget 86440 Elnesvågen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4795133580
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 29.04.2024
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.