Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2025
Administrasjon Skule, Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar i Klepp kommune fra 01.08.2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. februar
Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen
Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.
Klepp kommune har eit godt etter- og vidareutdanningstilbod.
Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.
I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat.
Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.
ArbeidsstadI Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule. Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Bore ungdomsskule.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse
- Ønskelig med undervisningskompetanse i alle fag
- Ønskelig med tegnspråk -kompetanse
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Skule / Rektor / Mobilnummer
Bore skule, rektor Jorun Beate Fylkesnes 938 95 074
Bore ungdomsskule, konstituert rektor Sandra Claveau Børresen-Varhaug 416 31 596
Engelsvoll skule, rektor Lise Pedersen 450 36 415
Klepp ungdomsskule, rektor Sigurd Ravndal 928 68 154
Kleppe skule, rektor Sylvia Gjersdal 928 39 767
Kleppelunden skule, rektor Kariann Leikanger 984 34 386
Orre skule, rektor Kenth Magne Åsebø-Trodal 907 90 216
Orstad skule, rektor Randi Harveland 412 92 877
Tu skule, rektor Vibeke Sola 402 88 726
Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.
Ikkje vent til fristen med å søkja. Me vil ta kontakt med aktuelle kandidatar fortløpande for å gjera avtale om intervju.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
PolitiattestPolitiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane
- du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
- du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar
- du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
- du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
- du samarbeider og kommuniserer godt. Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
SøknadMe ber deg om å skriva i søknaden din kva skular du ønsker å søkja deg til.
Søknadsskjema finn du ved å klikke på «Søk på stillinga»
Søknadsfrist er 12.02.25.
Kontaktinformasjon
Vigdis Vatne, skulesjef, +47 98825597Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4904769658
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Vigdis Vatne
skulesjef
+47 98825597
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2830015
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0d094e9b86ca45e4b924e9c9be313325