Avdelingsleiar ved Vik- bygde og sjukeheim
Me har ledig
Nyoppretta 100% fast stilling som avdelingsleiar ved Vik bygde- og sjukeheim. Avdelingsleiar inngår i årsturnus, med arbeid kvar 3. helg, og gjennomsnittleg 1 fleksibel dag per veke i avdeling. Utanom arbeidshelga er stillinga dagtid.
Kommunen tilbyr tilskot til flytting og buutgifter kr. 40 000,- årleg i to år.
Stillinga som avdelingsleiar er underlagt tenesteleiar for institusjonstenester. Tenesta består av:
- Vik bygde- og sjukeheim
- KAD-seng
- Kjøkken og vaskeri
Om tenesta
Helse- og omsorgstenesta er midt i eit stort og spanande byggjeprosjekt der alle tenester etter kvart skal flytte inn i nye moderne bygg med høg standard -- Vik helse- og omsorgssenter (VHO), der me legg til rette for framtidas utfordringar i eldreomsorga.
Som fagsjukepleiar på institusjon vil du få ei viktig rolle i å bidra til å utvikle helse- og omsorgstenestene i Vik. For tida driv sjukeheimen i mellombelse lokale og har 36 plassar for langtid, korttid og avlastning. 12 av plassane er i nybygg, 24 av plassane skal flyttast frå noverande lokale og inn i nybygg omkring februar 2025. Når byggeprosjektet er ferdig i 2026 består sjukeheimen av 5 små bugrupper, der tre av gruppene er særleg retta mot pasientar med demens eller anna type kognitiv svikt, medan to grupper er retta mot somatisk sjuke med behov for langtids og kortidsplassar på sjukeheim.
Me yter tenester til alle typar pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, rehabilitering og avlastning, samt behandlingar retta mot kroniske, somatiske tilstandar. Me har eitt KAD-rom, og eitt rom for lindrande behandling, som også er med inn i nybygget. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglege prosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, og intravenøse behandlingar, sårbehandlingar, og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oppfyljing av vaktbok - vikarinnleige, sjukefråvær, bemanning
- Ansvar for digitale arbeidsprogram
- Arbeid med kvalitetssystem -- prosedyrar og avvik, saman med tenesteleiar
- Fagansvar
- Delta i tverrfaglege samarbeid
- Oppfølging av vedtak
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisert sjukepleiar
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skrifteleg
- Det er ein fordel om ein har leiarerfaring
Personlege eigenskapar
- Erfaring som utøvande sjukepleiar - fordel med erfaring frå eldreomsorg/sjukeheim
- God digital ferdighet
- Kunne arbeide sjølvstendig, og strukturere kvardagen
- Vere fleksibel og løysingsorientert
- Gode haldningar og evne til etisk refleksjon
- God til å planlegge og tydeleg i din kommunikasjon med andre
- Me søkjer ein person som er god til å motivere, rettleie og til å skape engasjement
- Du har godt humør, gode samarbeidsevner, og er ein rollemodell for dine kollegaer
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr