Vi søker: Hagearbeidar på Middelaldermuseet
Stiftinga Viti
Borgundgavlen 21, 6015 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Hagearbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, deltid 10%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
I vekstsesongen treng vi hjelp til å stelle uteområdet ved Middelaldermuseet / Borgundkaupangen. Særleg ruinen etter Margaretakyrkja. Arkeolog leier arbeidet, som er timebasert, med ei øvre ramme på 5 timar per dag, ein dag i veka i perioden
Periode: Veke 21 - 39
Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:
- Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Har interesse og /eller fagbakgrunn innan museum og historie
- Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
- Er sjølvstendig, strukturert og ryddig
- Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
Vi tilbyr:
- Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering for hagearbeidar i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500.-
- Alle tilsette i Viti får medlemsskap i KLP.
Arbeidstid varierer og blir sett inn i ein turnus som også kan vere helg.
Søknadsfrist: 26. april. Ver vennleg å spesifiser kva stilling du søker på.
Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden.
Send søknad til post@vitimusea.no
Om bedriften
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandsbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2613762
- Sist endret
27. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d413df0a-b023-496d-8ed1-4f581358152a