Haram vidaregåande skule - undervisningsstillingar, vikariat
Om stillingane
Grunna tildeling av ekstra klassar og auka aktivitet for komande skuleår lyser vi ut følgjande:
Årsvikariat frå 01.08.2020
100 % stilling innan Vg1 helse- og oppvekstfag
100 % stilling innan matematikk og naturfag
130 % stilling innan engelsk, norsk, samfunnsfag og framandspråk (spansk og tysk)
Vikariat i tidsrommet 01.08.2020 - 31.10.2020
100 % stilling i kroppsøving
Det er anledning å søke på både heile og delstillingar
For fleire opplysningar kontakt rektor Jan Magne Helland
Vi tilbyr
" Godt arbeidsmiljø med faglege utfordringar
" Internasjonal satsing og samarbeid
" Nært samarbeid med eit internasjonalt retta og dynamisk næringsliv
" Medlemskap i KLP/SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår)
" Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Mangfald
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Haram vidaregåande skule har om lag 300 elevar og rundt 55 tilsette. Skulen ligg i Brattvåg og er kjent for å ha eit godt elev- og læringsmiljø, og for sitt gode samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har gjennom samarbeidet mellom anna gjort det mogleg å etablere nye utdanningsprogram. Det vert gitt høve til utplasseringar i kommune og næringsliv, ekskursjonar og studieturar i inn- og utland.