Ledig lærarvikariat 100%
Hosanger Montessoriskule
Tveitavegen 65, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Me har ledig lærarvikariat i 100% stilling frå 1.desember 2024 - 1.desember 2025 med moglegheit for forlenging. Hosanger Montessoriskule er ein liten montessoriskule som ligg idyllisk til nord på Osterøy.
Stillingstittel
Ledig lærarvikariat
Oppstart
1. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Kvalifikasjoner me ser etter:
• nokon med genuin interesse for barn og deira utvikling
• utdanning i montessoripedagogikk eller interesse for montessorifilosofien
• god til å kommunisere og samarbeide, men og å arbeide sjølvstendig
• evne til å sjå den einskilde sine behov og skapa eit inkluderande og støttande læringsmiljø
• undervisningskompetanse
Arbeidsoppgaver
Me arbeidar etter prinsippa i montessoripedagogikken, som tar utgangspunkt i barnet si utvikling. Elevane får utforske og nytte nysgjerrigheiten sin og lære gjennom erfaringar og eigne oppdagingar. Dei tar aktivt del i, og får ansvar for å vere deltakande i si eiga læring. Vårt mål er å skapa ein inkluderande skule der læring er eit felles ansvar. No treng me fleire vaksne, og håpar at du har lyst å bli kjent med oss og jobba på skulen vår.
Me har aldersblanda grupper der 1.-4. trinn er ei gruppe og 5.-7. trinn er ei gruppe. Du vil i hovudsak arbeide i gruppe 1 med 1.-4.trinn.
Vi tilbyr
• løn etter kvalifikasjon og avtale
• ein spennande og variert arbeidsdag
• eit kollegium som er utviklingsorienterte, kreative og løysningsorienterte
• eit fellesskap av dedikerte tilsette og engasjerte elevar
Om bedriften
Hosanger Montessoriskule er ein liten montessoriskule som ligg idyllisk til nord på Osterøy.
Me har gode nyoppussa undervisningslokale og eit stort og variert uteområde med turmoglegheiter, leikeområde, skulehage og høner.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2776506
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d3b57bb8-ed96-4a1d-9b79-4fd0c593cd5f