100 % stilling som kommunepsykolog Voss, Eidfjord,Ulvik og Vaksdal
Voss herad Barne- og familietenestene
Voss tinghus, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Kommunepsykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Voss herad er vertskommune for eit samarbeid mellom kommunane Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Voss. Samarbeidet siktar mot å levera robuste kommunepsykologtenester av høg kvalitet til deltakarkommunane. Samarbeidet er nett utvida med Vaksdal kommune og me treng difor å utvida laget med ein ekstra psykolog i 100 % stilling. Det inneber at me går frå å vera 4 til å bli 5 psykologar. Me har ein psykolog i permisjon og stillinga er difor i fyrste omgang eit vikariat fram mot sommaren 2025, men med moglegheit for fast tilsetting.
Kommunepsykologane er samlokalisert med andre hjelpetenester i Voss sitt nye kontorbygg « Knutepunktet» og jobbar herfra ut mot alle deltakarkommunane.
Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i og mellom deltakarkommunane med helsefremjande og førebyggande arbeid. Arbeidsoppgåvene kan grovt reknast i tre. 1) Innbyggjarane skal ha tilgang til behandling og undervisning både individuelt (korttidsbehandling) og i grupper. Vidare skal psykologane 2) bidra til å styrka det øvrige tenestetilbodet i kommunane gjennom rettleiing og undervisning. Sist, men ikkje minst, skal psykologane 3) arbeida system- og samfunnsretta gjennom evaluering, tenesteutvikling og kommunalt plan og utgreiingsarbeid. Sentralt i alt arbeidet står samarbeid med aktuelle kommunale tenester, samt andre tenester t.d. spesialisthelsetenesta.
Me vektlegg stor grad av autonomi samstundes som me ynksjer å løfte i lag. Med leitar difor etter ein lagspelar med spisskompetanse. Det er eit mål at me skal utvikla både vår eigen og deltakarkommunane si kompetanse og evne til å svara på morgondagens utfordringar. Me prioritera difor læring og utvikling høgt. Kommunepsykologane har delt kommunane mellom seg slik at kvar kommune har ein primærkontakt. Den som vert tilsett blir primærkontakt for Vaksdal kommune, og vil ha nokre kontordagar der kvar veke.
Arbeidsoppgåver
Du vil få vera med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde:
- arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå
- vurdering, kartleggingssamtaler og oppfølging
- kortvarig behandling av lette til moderate psykiske lidingar (3-5 konsultasjonar)
- kartleggje behov for behandling og vise til spesialisthelsetenesta ved alvorlege psykiske lidingar
- bidra i arbeidet med kompetanseutvikling
- rettleia tilsette
- samarbeid med andre tenester internt og eksternt
- samarbeid med spesialisthelsetenesta i samband med innlegging- og utskriving frå psykisk helse
- delta i kommunalt kriseteam
- arbeidsoppgåvene kan verta endra ut frå verksemda sine behov
- noko reiseverksemd må påreknast
Me søkjer
- offentleg godkjend/autorisasjon som psykolog, gjerne psykologspesialist
- erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
- erfaring med å gje rettleiing
- kjennskap til utfordringar med arbeidet innan rus/psykisk helse
- forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- eit godt, aktivt og tverrfagleg fagmiljø basert på samarbeid
- utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Medverknad i utvikling av psykologtenesta
- deltaking i fagfellesskap for kommunepsykologar
- kontor i nye flotte lokaler, saman med fleire andre hjelpetenester
- medlemsskap i pensjons- og forsikringsordning
- konkurransedyktig lønn
- mogelegheiter for å ta spesialisering
- godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
- du må ha førarkort, klasse B, då reiseverksemd må påreknast
- hugs å gje opp minst to referansar
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast til: Voss herad, boks 145, 5701 Voss, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2766919
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3411693_213445_nn