Vil du bidra til lærelyst og godt læringsmiljø?
Undervisningsstilling på vidaregåande skule
Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hornnes, Valle og Hovden. Visjonen vår er "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald", og skulen sitt fokusområde er læringsmiljø, elevmedverking og vurdering. Avdeling Hornnes har utdanningstilbod innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, byggfag, teknologi- og produksjonsfag og kvardagslivstrening.
Det er frå 01.08.2024 ledig fast undervisningsstilling i inntil 100% på avdeling Hornnes. Vi søker primært etter ein pedagog med undervisningskompetanse i norsk, matematikk og framandspråk, men andre fag som kroppsøving, fysikk, kjemi og økonomi kan og vere aktuelle. Tilsettinga kan delast opp i mindre stillingsprosentar ut frå fagkvalifikasjonar. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar bli vektlagt. Vi tek atterhald om at tilbodsstrukturen blir vedteken og eventuell overtaligheit i fylkeskommunen.
Agder fylkeskommune meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi jobbar derfor for eit inkluderande arbeidsliv og har eit mål om at våre tilsette i størst mogleg grad gjenspegler mangfaldet i samfunnet. Vi har tett og godt samarbeid med bedriftshelsetenestene, og vi jobbar for å tilrettelegge for at alle våre tilsette kan utøve sitt arbeid på best mogleg måte. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet (hol i CV-en).
Arbeidsoppgåver
- Du skal planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning
- Aktiv deltaking i fagleg og pedagogisk samarbeid
- Følgje opp elevar og bidra aktivt i arbeidet med elevanes trivsel og læringsmiljø
- Ha fokus på læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering, og rettleie elevar for best mogleg læringsutbyte
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent pedagogisk utdanning
- Du har undervisningskompetanse i fag nevnt i utlysninga
- Det er ønskelig at du har erfaring frå vidaregåande skule, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du har god formidlingsevne og er fagleg oppdatert
- Du tek initiativ til samarbeid og prøver gjerne ut nye metoder i arbeidet for å skape lærelyst
- Du har eit positivt menneskesyn og har evne til å skape gode relasjoner med både ungdom og vaksne
- Du har evne til å omstille deg i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Liten og oversiktlig skule med hyggelege elevar og kollegium
- Ein arbeidsplass som har fokus på tillit, meistring og samarbeid
- Tilsetting i tråd med gjeldane lovar og avtaleverk i Agder fylkeskommune
- God pensjonsordning i KLP/SPK. For meir informasjon om pensjon og våre øvrige gode, sjå vår nye nettside: www.agderfk.no/jobb
Kontaktinformasjon
Helene Dovland, Avdelingsleder skole, +4798828100Jens Petter Røed, Rektor/Virksomhetsleder, +4746937401
Arbeidssted
Gymnasvegen 74737 Hornnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Agder fylkeskommuneReferansenr.: 4776577764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 14.04.2024