Dagleg leiar Radøy \[Manger\] Frivilligsentral
Stillingsinformasjon
Er du brennande engasjert for frivillig sektor? Frå 1.6.2019 vert det ledig stilling som dagleg leiar for Radøy Frivilligsentral og vi søkjer deg som ønskjer å arbeide koordinerande og utviklande opp mot det lokale organisasjons- og frivilligheitslivet.
Om arbeidsstaden
Radøy Frivilligsentral held til i den gamle prestegarden på Manger, og samarbeidar tett med det rike kultur- og organisasjonslivet i kommunen. Radøy kommune vart kåra til årets kulturkommune i Hordaland 2018, og årets barne- og ungdomskommune i Noreg 2014.
Frå 1.1.2020 vert sentralen del av kulturtenesta i Alver kommune, organisert under avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit. Som dagleg leiar vil du her inngå i eit team- og fagfellesskap med frivilligsentralane i Lindås og Meland. Alver kommune vil ha nærmare 30 000 innbyggjarar, derav 5 000 i dagens Radøy kommune.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Dine sentrale oppgåver vil vere:
- Prosjektarbeid og samarbeid med frivillig sektor
- Koordinerings- og utviklingsoppgåver med frivillig sektor
- Initiering av nye tiltak og tilbod
Som dagleg leiar skal du jobbe med den daglege drifta av Radøy Frivilligsentral og samarbeide med sentralane i Meland, Lindås og andre fellesprosjekt og -oppgåver. Du skal vere med og utvikle sentralens rolle og posisjon i lokalsamfunnet, og jobbe med langsiktig utviklingsarbeid for å byggje samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
Kveld- og helgearbeid må påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Du har relevant utdanning på bachelornivå
- Du samarbeidar og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg
- Du har kjennskap til samtidige strømmingar i samfunnet og frivilligheita
- Du har førarkort klasse B
Som dagleg leiar er du kreativ og løysingsorientert, og evner å jobbe både sjølvstendig og tett med andre i team. Du har kunnskap og erfaring med bruk av sosiale medier og normal programvare som blant anna Office og Adobe. Du har gjerne kjennskap til kommunalt styringssystem og sakshandsaming, og erfaring/kompetanse frå organisasjonslivet, leiing, prosjektarbeid og økonomi. Det vil verte lagt vekt på kunnskap og erfaring innan organisasjons- og frivilligheitsfeltet, og personleg eignaheit for stillinga. Administrasjonsspråket i Radøy kommune, og framtidige Alver kommune, er nynorsk.
Vi kan tilby
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Politiattest
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg om lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekning med både buss og båt.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.