Helsefagarbeidar
Behandlingshjelpemidler
Raglamyrvegen 11, 5536 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Behandlingshjelpemidler (BHM) søkjer ein helsefagarbeidar med oppstart 01.01.2025
BHM har ansvar for utstyr og forbruksmateriell som blir brukt i samband med medisinsk behandling hos heimebuande pasientar.
Det vil seie mottak av bestillingar, utlevering av utstyr og forbruksmateriell, og oppfølging av dette i samarbeid med kliniske avdelingar og kommunehelsetenesten.
Vi søkjer ein engasjert og sjølstendig helsefagarbeidar som har kompetanse med medisinsk utstyr, lagerarbeid og reklamasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Ta retur på medisinsk teknisk utstyr som blir innlevert. Reingjering
- Reklamasjon på diabetesutstyr
- Lagerarbeid. Plukking/ pakking av varer og forsendelse, samt varemottak og inn- og utmelding av varer gjennom vårt IT system
- Arbeidet kan innebera daglege tunge løft
- Det kan tilkomme andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg flytande
- Førarkort klasse B
- Kan rutiner for reklamasjonsarbeid av medisinsk teknisk utstyr og forbruksmateriell
- Kjennskap til aktuelle dataprogram, Medusa, SAP/Libra
- Kan med mottak og rengjøring av medisinsk teknisk utstyr
- Kan lagerrutinene på BHM, plukking/pakking, varemottak og dataregistrering
- Arbeidserfaring frå behandlingshjelpemidler
Personlege eigenskapar
- Du kan prioritere rett og arbeide systematisk
- Serviceinnstilt i ein travel kvardag i stadig endring
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løsningsorientert
Vi tilbyr
- Engasjert arbeidsmiljø i ein avdeling i utvikling
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderende (IA) - bedrift
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Runar Gjertsen, Avdelingsleiar, +47 52734650
Arbeidsstad
Raglamyrvegen 11
5536 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4885804709
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Runar Gjertsen
Avdelingsleiar
+47 52734650
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796222
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e26ec0af5c4647c497bcadea7712f644