Helsefagarbeidar på natt
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar på natt
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Gloppen Bu- og omsorgsteneste, Skjerma avdeling ved Gloppen omsorgssenter 1 etg. har ledig ei 80 % fast stilling for helsefagarbeider på natt, med oppstart snarast.
1. etg har tolv korttids- og rehabiliteringsplassar, to kommunale akutte døgnplassar og ti plassar på skjerma eining. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo mfl. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt
Våre verdier er: Respekt, kunnskap og omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Ha eit miljøterapeutisk fokus
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Beherske norsk skriftleg og muntleg
- Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar.
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel.
- Ser rolla si i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla ovanfor pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysingsorientert.
- Trives med endringar og nytenking.
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
- Har erfaring og interesse for pasientar med ulike typar demens .
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreting.
Kontaktinformasjon
Wenche Pedersen Thomas, Avdelingsleiar, +47 94892130Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4880980712
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Eva Skrivervik-Alme
Tenesteleiar Bu og omsorg
+47 48894818
Wenche Pedersen Thomas
Avdelingsleiar
+47 94892130
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2784383
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b568d58645a429ca0fd37443900f87c