Ledig stilling som miljøarbeidar i Etne kommune
Etne kommune Helse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar ved arbeid og aktivitet, 60% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar som vil vera med å utvikle arbeid- og aktivitetstilbodet i Etne kommune.
Arbeid og aktivitet er eit tilbod til innbyggjarar som har behov for hjelp til å komme i aktivitet, og ha glede av å vera saman med andre. Ein nyttar nærmiljøet til ulike aktivitetar og har tilgang til drivhus, båt og fiskestenger. Ein lagar blant anna plantekassar, malar bilete, dyrkar tomatar og samlast med god mat. På arbeid og aktivitet har ein fokus på dei gode stundene i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Saman med spesialsjukepleiar planlegge og tilrettelegge for arbeid og aktivitetstilbod; som hagearbeid, fisking, vedlikehald ute og inne og matlaging
- Noko individuell oppfølging kan påreknast
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med relevant fagbrev, men Ikkje krav om formell utdanning
- Erfaring frå arbeid med menneske, og gjerne mennesker med psykiske og/eller rusutfordringar
- Førarkort klasse B er ønskeleg
Eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du kan arbeide strukturert og sjølvstendig og inspirere andre til deltaking
- Du er motivert og tålmodig
- Du har god evne til å skape tillit og samarbeid
- Du er fleksibel, løysingsorientert og taklar uventa situasjonar på ein god måte
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809378
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3436549_214521_nn