100% stilling som sakshandsamar ved Hardanger barnevern
Ullensvang kommune Hardanger barnevern
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. november
Hardanger barnevern er ein interkommunal teneste som omfattar kommunane Eidfjord, Ullensvang og Ulvik. Ullensvang er vertskommune, med lokaler i Odda.
Barneverntenesta har 15 tilsette.
Tenesta er delt opp i flere team
Team tiltak og akuttberedskap, team melding/undersøkelse og familieterapeutar.
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får tryggja oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
Har du lyst å jobba med barn, unge og deiras familiar? Blir du motivert av å jobba strukturert og målretta og vil bidra til å gjera forskjell for barn, unge og familiar som strevar? Dersom du er ein person som brenn for å jobba med barn, unge og deiras familiar, ser moglegheiter, er positiv og god på relasjonar, så er dette stillinga akkurat for deg.
Ledig fast stilling som sakshandsamar - stillingsstorleik 100%
Tiltredelse så snart som mulig.
Arbeidsoppgåver:
Saksbehandling og fagleg oppfølging av barnevernssaker etter Lov om barneverntenester
Samtaler med barn
Samarbeid og kontakt med barna sine foreldre, fosterforeldre og andre viktige samarbeidspartnarar
Forvaltningsoppgaver og skriftleg dokumentasjon i samsvar med barnevernlova og forvaltningslova
Representere kommunane i saker for Barneverns- og Helsenemnda eller andre rettsinnstansar
Delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid
Delta i tverrfagleg samarbeid
Aktivt bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø
Du må rekna med noko reiseverksemd
Du må ha universitet/høgskuleutdanning som barnevernspedagog/sosionom. Anna 3 årig sosialfagleg utdanning kan vurderast då gjerne saman med erfaring frå kommunalt barnevern.
Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
Det er ein fordel om du har erfaring frå nemndsaker
Det er ønskjeleg at du har relevant vidareutdanning eller relevant master.
Fordel med kjennskap til Visma flyt barnevern, eventuelt andre tilsvarende system.
Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Digital kunnskap
Du må ha førarkort
Du bør ha eigen bil.
Du må kunna etablera god kontakt med barn og familiar i ein vanskeleg situasjon
Du er audmjuk, tydeleg og verdset samarbeid
Du kan jobba sjølvstendig og i team
Du jobbar målretta og systematisk
Har evne til å skapa god framdrift
Du har evne til fagleg og etisk refleksjon
Du er fleksibel, selvstedig og ansvarsmedvite
Du er lærevillig, taklar ein variert og tidvis uføreseieleg kvardag og høgt arbeidstempo
Lønn etter hovedtariffavtalen
Ein arbeidsplass med interessante arbeidsoppgåver
Eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø med spennande utfordringar.
Fokus på kvalitet og fagleg utvikling
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Annet:
Ved tilsetjing vil det bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju.
Utvida politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med barnevernleiar nestleiar Terje Solvi mob 975 58 511
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777395
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3420905_194003_nn