Fagarbeidarar/assistentar i oppvekstsektoren frå august 2020
Me søker
Det er ledig fylgjande stillingar som fagarbeidar/assistentar ved skulane og barnehagane i Ål frå august 2020. Det er ledig både faste og midlertidige stillingar:
Sando barnehage inntil 280 % stilling
Torpo skule inntil 50 % stilling
Skattebøl skule inntil 170 % stilling
Ål ungdomsskule inntil 90 % stilling
Dei som blir tilsett må kunne arbeide innanfor heile opningstida til skulen/barnehagen. Ved barneskulane som har SFO må dei som blir tilsett kunne ta arbeidsoppgåver i både skule og SFO.
Du må i søknaden oppgje kor du søkjer stilling, gjerne i prioritert rekkefylgje dersom du er søkjar ved fleire stader, og kor stor stilling du ynskjer.
Kvalifikasjonar
Me ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, men annan relevant utdanning og praksis vert vurdert.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer tilsette som har genuin interesse for barn og unge.
Me ynskjer at du:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Assistentar som arbeider i skulen og som fylgjer arbeidstidsavtalane for skuleverket, vil få redusert årsløn med 11 % pga skulen sine feriar og fridagar, jf. tariffavtale.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden eller levert inn tidlegare.
Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
Om bedriften
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.