Fagarbeidar eller assistent i BPA 100 % fast stilling
Fjaler kommune Miljøtenesta
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fagarbeidar eller assistent i BPA (brukarstyrt personleg assistanse).
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar. Har du utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag, kan du vere den vi søkjer etter. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig i denne stillinga
Det er ope for langvakter om ynskjeleg eller todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus med oppstart i februar/mars kvart år.
Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag.
Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Lurar du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
- Bistand i daglege gjeremål for brukar
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan helse/sosial
- Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
- Beherske norsk munnleg og skrifteleg
- Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
- God på å kommunisere og bygge relasjonar
- Strukturert
- Gode samarbeidsevner og godt humør
- Fleksibel
- Tydeleg
Vi tilbyr
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2757245
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3407187_173795_nn