Sommarjobb i Vanylven Sommar-SFO
Vanylven kommune skal ha ope sommar-SFO på Fiskå skule i veke 26, 31 og 32 og treng inntil 4 tilsette.
Ønskjer du ein sommarjobb der du kan vere aktiv saman med barn, både ute og inne ? Då er dette jobben for deg. Sommar-SFO i held til i lokala på nybygd Fiskå skule i veke 26, 31 og 32. Om du har høve alle tre vekene eller delar så ta kontakt.
Arbeidsoppgåver
Legge til rette for aktivitet og leik
Støtte og trygge enkeltbarn og barn i grupper
Kommunisere godt med heimane
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
Studentar
Ufaglærte med relevant praksis og motivasjon for å legge til rette for aktivitet og leik.
Har du kompetanse som er relevant for jobben kan du skrive dette i søknaden.
Personlege eigenskapar
Du har gode kommunikasjonsevner på norsk både munnleg og skriftleg
Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
Du har evne til å sjå det enkelte barnet
Du kan handtere ei stor barnegruppe
Du er ein trygg omsorgspermisjon og ein god rollemodell
Du kan kommuniksere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Moglegheiter til sjølve å skape kjekke, varierte og trygge dagar for borna i sommar SFO i nye lokaler.Kontaktinformasjon
Janne Kristin Torvanger, kst kommunalsjef kultur og oppvekst, 45257521Sylvia Baade, rektor, 97030004
Arbeidsstad
6143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4786749165
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 24.06.2024
Sluttdato: 16.08.2024
Søknadsfrist: 03.04.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!