TOSPRÅKLEG ASSISTENT, ENG. I 75% STILLING ØYE SKULE, ARABISK
Kort om stillinga
Ved Øye skule er det ledig engasjement for tospråkleg assistent i arabisk i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020.
Språk
Den som blir tilsett må kunne godt norsk muntleg og skriflteg.
Vi tilbyr
- lønn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- variert og interessant arbeid
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Tilsettingsvilkår
Tilfredsstilllande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, skal leggast fram før tiltreding.
Søknad sendast
Vi tek i mot elektronisk søknad på stilling. Søkarane blir vurdert ut frå opplysningane som er lagt inn i søknadsskjemaet. Attestar og vitnemål er først aktuelt å ta med om ein blir kalla inn til intervju.
Om bedriften
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.