Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur – st. nr. 36/2021
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur. Stillinga er ledig frå haustsemesteret 2021, og tiltreding vil skje så raskt som mogleg og etter avtale hausten 2021. Stillinga er knytt til Institutt for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Instituttet tilbyr års- og fordjupingsstudium i engelsk og engelskfaglege emne i grunnskulelærarutdanning og i praktisk-pedagogisk utdanning. Vi har ein Bachelor i språk og litteratur, ein Mastergrad i skriftkulturar og ein Erfaringsbasert mastergrad i undervisning og læring med fordjuping i engelsk. Vidare tilbyr instituttet årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar og års- og fordjupingsstudium i norsk, og vi har etter- og vidareutdanningstilbod i engelsk og norsk. Engelskseksjonen har 11 tilsette, og desse er aktive i nasjonale og internasjonale forskarnettverk.
Arbeidsfelt
Arbeidsoppgåver for den utlyste stillinga er undervisning i litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda i heile vår undervisingsportefølje. Størstedelen av undervisninga vil gå føre seg på instituttet sin Bachelor i språk og litteratur og på Master i skriftkulturar, men det blir venta at den som blir tilsett, også kan undervise på grunnskulelærarprogramma våre (MAGLU 1-7 og 5-10) og på nettstudia for etter- og vidareutdanning.
Institutt for språk og litteratur ønsker å legge til rette for at tilsette får gode høve til å drive forsking. Søkarar som kan legge fram realistiske planar for pågåande og framtidig forsking vil bli prioriterte. Dette inkluderer også søkjarar som planlegg å oppnå førstekompetanse.
Kvalifikasjonar
For tilsetjing som førsteamanuensis må ein ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor engelsk litteratur eller kultur, og innfri krava til pedagogisk basiskompetanse.
Søkarar med doktorgrad vil ikkje bli rangert på bakgrunn av pedagogisk basiskompetanse, og dersom ein ikkje har denne kompetansen, vil ein bli tilsett med vilkår om å opparbeide seg dette innan 2 år. Arbeidsgivar vil legge til rette for at dette vert mogeleg. For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse, sjå HVO sine eigne retningslinjer.
For tilsetjing som førstelektor må ein i tillegg til mastergrad i engelsk litteratur eller kultur dokumentere forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
For tilsetjing som høgskulelektor må ein ha mastergrad i engelsk litteratur eller kultur, og det blir lagt vekt på relevante forskingskvalifikasjonar utover mastergradsnivå. I tillegg må ein dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Ein viser elles til krav til vitskaplege og pedagogiske kvalifikasjonar i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Det er viktig at den som blir tilsett, kan undervise om ulike teksttypar og tematikkar frå heile den engelskspråklege verda og kan dekke litterære verk, andre kulturfenomen, og emne frå både historie og samfunn. Vi tek i mot søkarar med alle former for ekspertise innan ulike aspekt av den engelskspråklege verda. Samstundes vil den endelege innstillinga ta omsyn til samansetninga av engelskseksjonen og ta sikte på å utvide den samla kompetansen om engelskspråkleg kultur og litteratur. Seksjonen har god kompetanse innan britisk litteratur, slik at søkjarar med kunnskapar utanom det feltet kan bli prioriterte.
Undervisningserfaring og personlege eigenskapar som samarbeidsevne, evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, samt god munnleg og skriftleg formidlingsevne vil bli vektlagde. Det er viktig å vere fleksibel og kunne arbeide med mange forskjellige oppgåver og studentgrupper. Det vil bli vektlagt at ein har ei reflektert og medviten haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid og evne til å engasjere studentar både i undervisning og gjennom rettleiing. Søkjaren bør kunne legge til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning. Det er ønskeleg med erfaring frå digitale læringsplattformer som Canvas og Zoom.
Undervisningsspråket er engelsk. Det er ein fordel å kunne kommunisere flytande på eit skandinavisk språk. Tilsette som ikkje har denne kompetansen, må forplikte seg til å kunne kommunisere på norsk innan tre år. Tilsetjing vil skje i tråd med dei faglege behova på instituttet.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda:
Dagleg arbeidsstad er høgskulecampus i Volda.
Om søknaden
Alle som søker stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- kort refleksjon over eige syn på undervisning og læring
- realistiske planar for pågåande og framtidig forsking
- masteroppgåve
- inntil 10 andre vitskapelege arbeid (inkludert ev. doktoravhandling)
- fullstendig publikasjonsliste over alle vitskaplege arbeid
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurdert av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Kontakt
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar ved Seksjon for engelsk, Timothy Saunders, e-post: timothy.saunders@hivolda.no, tlf. 7007 5288 eller instituttleiar ved Institutt for språk og litteratur, Tor Arne Haugen, e-post: tor.arne.haugen@hivolda.no, tlf. 7007 5326 eller dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, epost: arne.myklebust@hivolda.no, tlf. 7007 5095.
Generell informasjon
Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV, kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til prøveundervisning og intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og 130 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om bedriften
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.