Er du vår nye sjukepleier?
Slag/generell indremedisinsk post Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleier
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vi har ledig 75% fast stilling for sjukepleier ved slag/generell indremedisinsk sengepost, Stord sjukehus frå 01.08.2024.
Sengeposten har 8 senger. Det er hovudvekt på slagbehandling i tillegg til andre generelle indremedisinske diagnosar, som infeksjonssjukdommar, cancer og covid.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innafor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR laboratorie, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 50.000
innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gir særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på sengeposten
- Gi god omsorg for pasient og dei pårørande
- Vere med på å utvikle og forbetre sengeposten sitt arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Må kunne jobbe med smittepasientar
- Erfaring med slagpasientar og smittevern vektlegges
- Gode norsk-kunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå. Tverrfagleg samarbeid
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar - gastro/slag generell sengepost, +47 53491110Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4810887143
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 21.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Trude Digernes
Funksjonsleiar - gastro/slag generell sengepost
+47 53491110
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Nettsted
www.helse-fonna.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2643381
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54fed37eb2484acf824f1f157e50d4b2